Hamskifte i Jotunheimen

Dette arrangementet er over!

FRÅ VINTER TIL SOMMAR PÅ 24 TIMAR!

HAMSKIFTE I JOTUNHEIMEN ved Gjende 8-10.juni 2018.
Er du klar for sommar, sykkel og sandalar, eller får du aldri nok av ski og høgfjell?

GJENDEGUIDEN gjev deg begge delar på årets "Upptur"!
Bli med oss på avslutning av ein fantastisk skisesong med eksotisk ski- og padletur laurdag, og start på ein etterlengta sommarsesong med padling, fottur og stisykkel dagen derpå! Velg mellom fleire turkombinasjonar! 

PROGRAM
FREDAG 8.juni:

Upptur 1: -Bli med GJENDEGUIDEN på årets fyrste tur over Besseggen! Vi har plass på fyrste båtavgang for sesongen. Båtavgang kl.09.30!
Vi kosar oss ute på tur heile dagen. Turen tek 7-9 timar.

Upptur 2: 
-Bli med GJENDEGUIDEN opp JO-STIGEN, ein bratt direkte- adkomst til Besseggen, rett opp fra Gjende. Turen tek 5-7 timar.

BONUS! 
Etter turen ventar glovarm badestamp på Gjendesheim, og iskaldt bad i Gjende!  

-Middag og sosialt på Gjendesheim Turisthytte fra 19.00. 

Upptur 3:
-Inspirasjonskveld på Gjendesheim. Fotograf, villmarkskar og vegleder i GJENDEGUIDEN, Kjell Erik Reinhardtsen, viser bilete og fortel om padleturen rundt Nord-Austlandet på Svalbard. Perfekt oppladning til helga! 

LAURDAG 9.juni:

Upptur 4:
KAJAKK & SKI Avgang kl. 07.00. Deltakere bruker eget kajakkutstyr, lastar opp utstyr for topptur på ski, og padlar innover Gjende, Norges flottaste fjellvatn. Frå Memurubu går vi «dagens tur» ut frå vær og føreforhold.  

MERK: Deltakarar på kajakkturar må holde utstyr sjøl. Tørrdrakt er anbefalt NB! Du må ha minimum grunnkurs, eller tilsvarande på denne turen. Vi kjører max 6 pers pr turleiar. 
(Venteliste etter dei fyrste seks påmeldte).  

BONUS! Etter at vi har pynta siste rest av vinteren med strøkne skispor, ligg Gjendebåten og ventar på oss og vi lastar kajakkane ombord. Lokale nisjeprodusentar tek i mot oss og byr på ein «Smak av Jotunheimen» ombord, medan båten sig attende til Gjendeosen for isbading, middag og sosialt samvær!

Upptur 5:
BÅT & SKI Avgang kl.08.00. Vi kaprar Gjendebåten i fullt skiutstyr og gjer strandhugg i Memurubu! Skitur mot giganten Surtningsui (2368 moh), eller anna egna turmål ut frå ver- og føreforhold. 6 pers pr førar. 

BONUS! Etter at vi har pynta siste rest av vinteren med strøkne skispor, ligg Gjendebåten og ventar på oss. Lokale nisjeprodusentar tek i mot oss og byr på ein «Smak av Jotunheimen» ombord, medan båten sig attende til Gjendeosen for isbading, middag og sosialt samvær! 

SØNDAG 10.juni:

Upptur 6:
-Kajakktur med turleiar. Avgang kl. 09.00. 
Med erfaren turleiar blir du med på ein eksotisk padletur på Øvre eller Nedre Sjodalsvatn i havkajakk, etter værhøve. I Jotunheimen blir du liten i ein kajakk, men naturopplevinga er desto større! Veret styrer lengde og rute for dagen, for her det fjellet som bestemmer. Her kan du lære grunnleggande prinsipp for håndtering av havkajakk. Du stiller med kajakkutstyr sjølv, evt ta forbindelse dersom du manglar utstyr! 
6 deltakarar pr turleiar.  

Upptur 7. 
-Bli med GJENDEGUIDEN opp JO-STIGEN, ein bratt og direkte adkomst til Besseggen, rett opp fra Gjende. Turen tek 5-7 timar

Upptur 8.
Avgang kl. 09.00. STISYKLING med vegleder. Vi lastar opp stisyklar og legg turen der sommaren har kome lengst. Vi lovar kontakt med både melkesyre og koordineringsevnen! 
Hissige stisyklar kan leigast på Gjendesheim.


PRAKTISK INFO

- Festivalpass HAMSKIFTE 2018 kr. 2950,-  
Dette inkluderar ein aktivitet pr dag med vegleder, samt fellesaktivitetane om ettermiddag/kveld.
Gå inn her for å reservere aktivitetar dei ulike dagane:
https://www.gjendeguiden.no/hamskifte/

-Kost og losji på Gjendesheim Turisthytte DNT-
Sjå Gjendesheim.no for ulike pakker på kost og losji.
Reserver ditt opphald her: https://booking.visbook.com/no/4212

-Transport
Adresse for helga er Gjendesheim, Sjodalen i Vågå.
Vi oppfordrar til samkjøring, og f.eks med leiehenger til utstyr.
Bruk vårt arrangement på fb for å avtale samkjøring. 

-Utstyr
Du treng klede og utstyr for lange dagar i høgfjellet. Juni er fortsatt kjøleg! Ski- og skredpakke kan bookes på Gjendesheim.

Ta med ein venn og kom deg til fjells,
VELKOMEN TIL ÅRETS UPPTUR!

Helsing 
Ørjan, Marius, Harald og Tesso

Hamskifte i Jotunheimen

FRÅ VINTER TIL SOMMAR PÅ 24 TIMAR! HAMSKIFTE I JOTUNHEIMEN ved Gjende 8-10.juni 2018. Er du klar for sommar, sykkel og sandalar, eller får du aldri nok av ski og ...

Kontaktinformasjon: