Toppturkurs 2,5 dag på Gjendesheim // Få plasser!

Kurs

Fra dato
20. februar kl. 18:00
Til dato
22. februar
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Fjellsportinteresserte
Arrangører
Gjendesheim, Aktiviteter betjente DNT OO hytter , Gjendeguiden
Turområde
Jotunheimen (se kart)

Velkomen på vårt populære toppturkurs og lærerike dagar på Gjendesheim Turisthytte i Jotunheimen! 

NB! Påmelding på våre turar og kurs seinast 7 dager før tur.

Alpint turutstyr, eller randonnée, har vorte særs populært siste åra. Kva er det? Kva treng du? Og ikkje minst; korleis gjer ein det? Gjendeguiden har brukt alpint turutstyr i 25 år, og vi gjev deg ei grunnleggjande innføring i bruk av alpint turutstyri, i skredlære og anna relevante tema knytt til skiturar i vinterfjellet. Vær- og skredfarevurdering, turplanlegging, gruppedynamikk og skiteknikk vil være hovudtema, men du vil også få erfare kva ein lang skidag i høgfjellet krev av klede og anna hensiktsmessig utstyr. Har du nettopp kjøpt skiutstyr, eller vurderar du å kjøpe? Bruk denne helga til å gjere nokre gode erfaringar og få gode råd av Gjendeguiden. Vi kjenner godt til alt som fins på markedet, både av brukt og nytt utstyr!

På våre vinterkurs har vi alltid små grupper på 6 deltakere per vegleder. Dette gjev høve for godt læringsklima og erfaringsutveksling i gruppa. Du treng ingen forkunnskaper for å delta på kurset, utover det å kunne være utandørs ein lang vinterdag. Alt av naudsynt ski- og skredutstyr kan leigast på Gjendesheim Turisthytte.

TIPS! Inviter med ein ven på kurset, så har du nokon å gå på tur med til du er klar for neste kurssteg med Gjendeguiden.

Toppturkurs 2,5 dag på Gjendesheim // Få plasser!

Velkomen på vårt populære toppturkurs og lærerike dagar på Gjendesheim Turisthytte i Jotunheimen!  NB! Påmelding på våre turar og kurs seinast 7 dager før tur. Alpint turutstyr, eller randonnée, har ...

Kontaktinformasjon:

  • https://www.gjendeguiden.no/produktliste-vinter-2021/toppturkurs-gjendesheim-jotunheimen
  • Tlf. 99222445
  • E-post: gjendeguiden@gmail.com